Velkommen til EXPO 2012

13. og 14. juni kjem det til å myldre av nyklekka ingeniørar, bioingeniørar og økonomar på Høgskolen i Bergen, når avgangsstudentane stiller ut meir enn 200 bacheloroppgåver på EXPO 2012.

Published: 11 June 2012

Alle avgangsstudentar på Avdeling for ingeniørutdanning deltek på EXPO 2012. I to dagar viser dei fram kva dei kan etter tre år på høgskolen.

- Dei nyutdanna kandidatane er ettertrakta på arbeidsmarkedet, ikkje minst ingeniørane, påpeiker prodekan Håvard Helstrup.

- Høgskolen i Bergen er det største klekkeriet for ingeniørar i landet, så her kan nok mang ein arbeidsgjevar finne både potensielle medarbeidarar og prosjektoppgåver med interessant tematikk. Vi håper mange tek turen innom oss under EXPO!

Utstillinga er open mellom 11.00 og 13.30 onsdag 13. juni og torsdag 14. juni.

Eit fagmiljø som veit å setje pris på denne anledninga, er Dataforeningen, som kvart år arrangerer frukostseminar på høgskolen under EXPO. I år leggjer også Lean Forum Bergen eit medlemsmøte til EXPO. På møtet vil to studentgrupper leggje fram bacheloroppgåvene sine.

Alle bacheloroppgåvene og nokre masteroppgåver

På EXPO er det bachelorstudentar som stiller ut oppgåvene sine. Ingen masteroppgåver vert synt fram på sjølve utstillinga, men fem studentar som har teke masterprogrammet Innovation and Entrepreneurship legg fram funn frå oppgåvene sine på eit EXPO-seminar 13. juni.

Same dag held også Ingvar Henne frå NextGenTel eit populærvitskapleg foredrag i biblioteket i Nygårdsgaten. Foredraget "Medisin for nettavhengighet" markerer opninga av EXPO 2012, og vil handle om kommunikasjonsløysingar i informasjonssamfunnet.

Prisutdelingar begge dagar

Både onsdag og torsdag vert EXPO avslutta med prisutdelingar klokka 13.30. Onsdag deler NECON ut ein matematikkpris til alle ingeniørstudentar ved HiB som har fått toppkarakteren A i alle obligatoriske matte- og statistikkfag. Prisen er på til saman 100.000 kroner, som dei matteflinke studentane deler likt.

Torsdag er det sjølve EXPO-utstillinga som vert premiert. Ein jury kårar dei beste innslaga på EXPO 2012. I juryen sit ein representant for Kristofer Lehmkuhls fond til fremme av norsk næringsliv, ein ansatt i ABB og flere HiB-ansatte.

Begge prisane vert delt ut i Carl Berners sal, som òg vert nytta som utstillingslokale. Utstillinga går over fleire etasjar i Nygårdsgaten 112, og nyttar også mellom anna inngangspartiet og studentkantina .

EXPO 2012

Alle avgangsstudentar på Avdeling for ingeniørutdanning på Høgskolen i Bergen stiller ut bacheloroppgåvene sine på EXPO 2012.

  • Utstillinga er open 13. juni og 14. juni kl 11.00–13.30.
  • Fleire foredrag, seminarar og prisutdelingar står også på EXPO-programmet.
  • Alt om EXPO 2012