Ny intern i NCE Subsea

Det er langt mellom livet på lesesalen, og den kvardagen ein får når studietida er over. Torbjørn Mikal Hovland ynskjer å opparbeida seg relevant erfaring frå arbeidslivet, slik at han er betre rusta til den dagen han skal søka seg til ei fast stilling. Difor valde han å søka om jobb som intern i NCE Subsea.

Published: 12 January 2012

Torbjørn er no inne i det andre året som bachelorstudent i Samanlikande politikk ved Universitetet i Bergen. Det er i samband med eit utplasseringsfag i dette at han skal vera intern i 50 prosent stilling hjå oss det komande halvåret. Her skal han ta del i den daglege drifta, og vera med på alt frå planlegging og gjennomføring av ulike møter og seminar, til bedriftsbesøk, konferansar og messer.                   

Mentoren hans under internopphaldet vil vera Heidi Skålevik. Ho sikrar at han har kontroll over arbeidsoppgåvene, og vil kunne rådspørjast der det er behov for det.

Undersøking om klyngeattraktivitet

Ein av dei viktigaste oppgåvene til Torbjørn vil vera å førebu og gjennomføre ei undersøking om vertskapsattraktivitet for klynga. Problemstillingar som det her skal fokuserast på er mellom anna:

  • Kva attraktivitet har næringsklynga?
  • Korleis kan attraktiviteten fremjast og aukast?
  • Er det ønskjeleg å auke denne attraktiviteten?

I samband med dette arbeidet kjem han til å ha Inger Beate Pettersen, som er fyrsteamanuensis på BI og professor i marknadsføring, som rettleiar.

Døropnar

Torbjørn tykkjer at det er ein fantastisk moglegheit han har fått gjennom stillinga som intern i NCE Subsea. - Ikkje berre får eg brukt mykje av den kunnskapen eg har opparbeida meg so langt i studiet, men eg får òg god innsikt i subsea-næringa spesielt og petroleumsnæringa generelt. Alt ligg til rette for at eg kjem til å læra svært mykje både fagmessig, og om subsea- og petroleumsindustrien, seier han entusiastisk.

Han håpar internopphaldet kan vera ein døropnar inn i denne spanande og innovative delen av norsk industri, og at han evnar å sjå alle moglegheitene han no får til å læra meir, og auka kunnskapsnivået sitt. Han ser fram til eit spanande halvår som intern!