Oppfinnarprisen 2011 – søknadsfrist 18. oktober

Har du ei oppfinning som fortener ein pris på 75 000 kr? I så fall har du frist til 18. oktober til å senda påmelding for å vinna Hordaland fylkeskommune sin oppfinnarpris for 2011.

Published: 14 September 2011

Oppfinnarprisen for Hordaland 2011 vert delt ut for å stimulera til auka kreativitet, innovasjon og verdiskaping i fylket. Det er difor viktig at søkjar har vilje og evne til å realisere og kommersialisere oppfinninga si, spesialrådgjevar Torill Monstad ved næringsseksjonen i Regionalavdelinga.

Prisen

Prisen er i år på kr 75.000. I tillegg kan juryen gje to personar/miljø heiderleg omtale.
Prisen vert delt ut av fylkesordføraren på årets siste fylkesting i desember.

Kvinner og unge - igjen

Oppfinnarprisen har vore delt ut årleg sidan 1993 med nokre få unnatak. Oppfinnarprisen for 2010 gjekk til oppfinninga CISS (Cupp Integrated Southbridge Solution), frå bedrifta CUPP Computing AS.

Så langt er det berre menn som har vunne, sjølv om kvinner har fått hederleg omtale. Blant anna fekk Brit Helle Aarskog heiderleg omtale for oppfinninga TextUrgy i 2010. Fylkeskommunen oppfordrar difor igjen spesielt kvinner og unge om å senda inn ideane og oppfinningane sine til konkurransen.

Må bu i Hordaland

Kandidatar til oppfinnarprisen skal vera busette i og ha fast adresse i Hordaland. Kvar kandidat kan melda seg på med inntil to oppfinningar. Deltakarar som ynskjer å realisera ideen sin i Hordaland, vil få særskild merksemd.

Kva er ei oppfinning?

Ei oppfinning er ei praktisk løysing på eit teknisk problem ved hjelp av naturen sine materiale og/eller energi. Oppfinninga kan være eit produkt eller ein framgangsmåte. (Store norske leksikon)

Retningsliner og skjema

Last ned Retningsliner for Oppfinnarprisen for Hordaland 2011 (word)
Last ned Påmeldingsskjema (word)

Påmeldingsfristen er sett til fredag 18. oktober 2011.

Påmeldinga skal sendast til
Hordaland fylkeskommune
Regionalavdelinga
Postboks 7900
5020 Bergen

Kontakttelefon: 55 23 92 82