Bergen maritime får fullskala 3D boresimulator

Innkjøp av ein fullskala 3D boresimulator inneber at studentane frå hausten av kan få opplæring i eit autentisk boremiljø.

Published: 1 November 2010
Bergen maritime skule vil styrka det etablerte kompetansemiljøet for utdanning av personell på høgaste nivå innan boring og subsea til installasjonane i Nordsjøen.
 
Simulatoren vil bringa Bergen maritime skule i front i nasjonal  og internasjonal samanhang når det gjeld offshoreutdanning.
 
Den avanserte simulatoren tilbyr fullskala 3D visualisering av boredekk samt nedihols boreoperasjonar. Simulatoren vil kunna gjenskapa miljøet på faste riggar, flytarar, jackup og boreskip, og er den mest avanserte og moderne simulatoren i marknaden i dag.
 
- Hordaland fylkeskommune er oppteken av å betra vilkåra for offshorenæringa. Kompetansesenteret vil i enno sterkare grad enn hittil setja Bergen på kartet ovanfor dei miljøa som er opptekne av personellopplæring i ny boreteknologi, seier fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg i Hordaland.
 
Kompetansesenteret på Bergen maritime vil bidra til å auka tryggleiken offshore. Simulatoren lar borepersonell trena på ulike problemstillingar som kan oppstå i samband med uventa hendingar offshore.
 
Offshorenæringa vil no få sjansen til å trena på optimalisering av riggoperasjonar, noko som vil gje stor gevinst i form av redusert nedetid på riggen.
 
Autentisk læringsmiljø
 
Studentane vil få tilbod om å trena på ulike boreoperasjonar i eit miljø som vil vera identiske med det dei vil møta offshore. Dei vil til dømes kunna trena på ulike typar boreproblematikk, som fastkjørt borestreng, tap av brønnvæsker, trykkontroll og liknande.
 
Opplæringa gjer at studentane lettare vil kunna tre inn i stillingar offshore.
 
Tilbod til næringslivet
 
Kompetansesenteret ved Bergen maritime vil i tillegg kunna tilby næringslivet ulike kurspakkar i ny boreteknologi som trykkbalansert boring (MPD), underbalansert boring og liknande. Slik vert operatørane i stand til å trena på boreoperasjonar i levande brønnar i trygt læringsmiljø på land før dei skal utføra operasjonen offshore.
 
Offshoremiljøet må i dag ofte nytta kostbar riggtid til slik opplæring. Med dagens riggrater på inntil 500.000 dollar døgnet vil dette kunne gje store kostnadsinnsparingar.
 
Etableringa av det nye kompetansesenteret krev omfattande konstruksjonsmessige endringar i skulebygget. Heile prosjektet er blitt mogeleg takka vera løyvingar frå Hordaland fylkeskommune.
 
For meir informasjon, kontakt:
Leiar for kursverksemda, Jørgen Eriksen, tlf. 91331377,
Fagansvarleg, Gustav Bahus, tlf. 415 52 100.