Møte om doktorgrad i bedrift

Bedrifter har no høve til å tilsette ein doktorgradsstipendiat. Problemstillingar som kandidaten arbeider med i si forsking har klar relevans for bedrifta.

Published: 22 April 2010
Det blir møte om dette programmet 4. mai i Statens hus, Kaigaten 9 i Bergen. Klokka 09.00 – 11.00.

Nærings-ph.d. er ei treårig forskarutdanning der kandidatane tek ein ordinær doktorgrad. På møtet blir det ein gjennomgang av programmet, og det blir diskutert korleis ein skal få dette til i praksis.

Forskingsrådet inviterer bedrifter/FoU-miljø som har tenkt på eit slikt opplegg, samt bedrifter/enkeltpersonar som trur dette kan passe for dei.
 
Påmelding på e-post til Atle Markussen: ama@forskingsradet.no