Film viser klyngefordelar

Ein nyleg laga informasjonsfilm gir eit innblikk i kva fordelar ein kan oppnå ved medlemsskap i NCE Subsea.

Published: 17 March 2010
Filmen er laga i samarbeid med Norges Handelshøgskole. Den har som mål å promotere subsea-næringa i Hordaland.
 
Dagleg leiar Trond Olsen presenterer NCE Subsea si rolle som tilretteleggar for produkt- og leveransesamarbeid, teknologiutvikling og internasjonalisering. Tre bedrifter fortel også om kva dei har fått igjen for medlemsskapet i NCE Subsea.
 
Du kan mellom anna sjå korleis:
  • Fjell Industries sikra seg gode kontraktar med Aker Solutions.
  • ClampOn fekk støtte til utvikling av eit nytt produkt. 
  • Norske Ventiler fekk oppretta kontor i Houston.
Det er muleg å laste ned filmen frå nettsidene våre. Vi oppmodar våre partnar- og medlemsbedrifter til å bruke filmen i relevante samanhengar.