Skryt til skaparane av NCE Subsea

Utviklingsselskapet som sto bak opprettinga av NCE Subsea kan vise til eineståande resultatet, ifølgje ein ny rapport.

Published: 17 March 2010
Det er Agderforskning som har evaluert Gode Sirkler AS, som er eit utviklingsselskap drive av kommunane Fjell, Sund og Øygarden.

– Ingen andre regionale utviklingsselskap i Noreg kan foreløpig vise til noko liknande. Det må konkluderast med at Gode Sirklar, i forhold til regionen som heilskap, har produsert imponerande resultat, skriv Agderforskning i rapporten ifølgje Bergens Tidende.

I rapporten blir det mellom anna trekt fram at det var dette selskapet som fekk ideen om å opprette eit NCE for undervassteknologi.

Fjell-ordførar Lars Lie er svært nøgd med rapporten. Til BT seier han at selskapet har ei effektiv organisasjonsform som har gitt stor fridom og kort veg mellom idé og handling.

Last ned heile rapporten (PDF)