Millionar i nytt forskingsfond

For å styrke utvikling og innovasjon på Vestlandet er det i år oppretta eit regionalt forskingsfond. Den økonomiske ramma er på 25 millionar kroner.

Published: 16 March 2010
Eitt tema for utlysinga av midlane i 2010 vil truleg bli innan energi og maritim sektor. Her kan ein søke om forskingsmidlar til energieffektivisering, teknologi for marin miljøovervaking og havvind. Første utlysing er planlagt 21. april med søknadsfrist 2. juni.

Det blir informasjonsmøte om det regionale forskingsfondet fredag 16. april klokka 09.30 – 12.00 på Clarion Hotel Bergen Airport. Møtet er ope for alle interesserte. Påmelding innan 7. april på hordaland.no/forskingsstrategi

Det er fylkeskommunane i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland som står bak det nye forskingsfondet.