Skal undersøke innovasjonsaktiviteten

NCE Subsea tek også denne våren i mot ein praksiskandidat frå Universitetet i Bergen. I praksisen vil hovudoppgåva til Øyvind Torvund (23) vere å undersøkje innovasjonsaktiviteten i næringsklynga.

Published: 15 February 2010
Det er tredje gong at NCE Subsea tek i mot ein praksiskandidat frå institutt for samanliknande politikk. Gjennom 16 vekers arbeid i ulike verksemder og organisasjonar får studentane godkjent praksisen som ein del av bachelorgraden i samanliknande politikk.
 
Universitetet i Bergen starta opp praksisprosjektet våren 2008. Målet med praksisfaget er å knyte tettare band mellom akademia og næringsliv, og at studentane skal få høve til å opparbeide seg praktisk erfaring frå arbeidslivet på eit tidleg tidspunkt. Utplasseringa gir studenten høve til å få brukt relevant kunnskap som kjem både praksiskandidaten og verksemda til gode.
 
Øyvind kjem frå Lavik i Sogn, og er inne i sitt andre år på bachelorstudiet i samanliknande politikk. I tillegg til hovudoppgåva om innovasjonsaktiviteten i klynga, skal han også delta i den daglege drifta av NCE Subsea. 
 
– Eg ser fram til å lære meir om ei stor og viktig næring. Dette blir veldig spennande, seier Øyvind.