Lær deg kommersialisering

Bedriftsleiarar som vil lære meir om innovasjon, finansieringsstrategiar og kommersialisering av teknologibaserte idear får no ein unik sjanse.

Published: 2 March 2010
NCE Micro- and Nanotechnology tilbyr eit seminar for dei som har teknologibaserte idear, og ynskjer å lære meir om kommersialisering. Seminaret varer frå måndag 26. til onsdag 28. april. 
Her vil du få høve til å utvikle deg innan ei rekkje viktige områder:
  • Identifisering av gode idear, og evaluering av potensiale.
  • Open innovasjon og strategiske alliansar.
  • Utvikling av entreprenørskapskultur og prosessar.
  • Forretningsmodellar
  • Finansieringsstrategiar.
Programmet er mynta på leiarar i kunnskapstunge verksemder, på investorar i teknologiselskap, fasilitatorar og partnarar i klynge- og bedriftsutvikling, i tillegg til eksisterande og kommande mentorar for oppstartsverksemder.

Kurset er utvikla i samarbeid med professorane Pete Russo og Paul McManus frå Boston University i USA. Universitetet er anerkjent som ein verdsleiande forsking- og utdanningsinstitusjon innan leiing, innovasjon og entreprenørskap.

Under seminaret vil det bli ein blanding av førelesing, diskusjonsemner, casestudiar og tema-øvingar, nøkkelemner innan entreprenørskapsleiing, forretningskultur, strategi og ”best practice”.

Deltakaravgift: 15.000
Språk: Engelsk

Det er eit avgrensa tal plassar, og registrering skjer fortløpande.
Gå til påmeldingsskjema

For meir informasjon kan du kontakte Linn Fagerborg på telefon 93 20 77 75 eller e-post: linn.fagerberg@microtech-innovation.no