Oppfinnarprisen for Hordaland 2009

Oppfinnarprisen for Hordaland 2009 vert delt ut for å stimulera til auka kreativitet, innovasjon og verdiskaping i fylket. Kreative personar og miljø vert oppmoda om å melde seg på konkurranse, fortel næringssjef Lars Tveit.

Published: 15 September 2009
 

Søknadsfrist 16. oktober 2009
Prisen vert delt ut på fylkestinget sitt desemberting.

>> Reglar
>> Søknadsskjema

Prisen
Prisen har i 2009 auka til 75,000 kroner. Fylkeskommunen vil med dette igjen synleggjere det fokuset ein har på satsingsområda entreprenørskap og innovasjon i Hordaland. I tillegg er det to personar/miljø som får heidarleg omtale.

Kvinner og unge
Oppfinnarprisen har vore delt ut årleg sidan 1993 med nokre få unntak. Så langt er det berre menn som har vunne. Fylkeskommunen oppfordrar difor spesielt kvinner og unge om å senda inn ideane og oppfinningane sine til konkurransen.

Må bu i Hordaland
Kandidater til oppfinnarprisen skal vere busette og ha fast adresse i Hordaland. Kvar kandidat kan melda seg på med inntil to oppfinningar. Deltakarar som ynskjer å realisere ideen sin i Hordaland, vil få særskild merksemd.

Oppfinningane er sikra konfidensiell handsaming. Før prisutdeling, som skjer på fylkestinget i desember i år, vil presentasjonen av vinnaroppfinninga verta utforma i samråd med prisvinnar.