Dialogprosess for Maskineringsbedrifter

Maskineringsgruppa i NCE Subsea og VRI programmet inviterer til ein prosess for maskineringsbedrifter som er i posisjon, eller ønskjer å komme i posisjon til å bli leverandør av maskineringsprodukt til subsea marknaden.

Published: 10 February 2009
Hensikta med prosessen er at fleire maskineringsbedrifter i Hordaland blir godkjent som leverandørar til subsea industrien, slik at dei kan gje tilbod og komme i posisjon til å levere konkrete leveransar.
 
I prosessen får deltakarene;
  • lære meir om kva som krevst av leveransar til subsea bedrifter, når det gjeld produktutføring, kvalitetskontroll og dokumentasjon.
  • Få i gang utviklingsprosessar i eigen bedrift for å møte krav frå subsea kundar og gjere bedrifta meir konkurransedyktig på den internasjonal marknaden.
  • Betre samspelet med subsea kundar om produkt- og prosessutvikling.
Prosessen startar med bedriftsbesøk hos Aker Solutions på Ågotnes. Besøket omfattar omvisning og grundig presentasjon av kva type produkt som blir etterspurt og kva som er krav til leveranse. Deltakarbedriftene vel sjølv om dei vil ta del i den vidare prosessen etter besøket.
 
Tidspunkt:
Torsdag 26. februar klokka 12.00 ? 16.00
 
Stad:
Aker Solutions, Ågotnes
 
Program
12.00 ? 13.00
Lunsj, velkomen og orientering om bedrifta
13.00
Omvising i produksjonsdel av bedrifta
14.00
Spørsmål og svar med bakgrunn i omvising. Dialog.
Gjennomgang av produkteksempel og mulige produktområde.
Kvifor ønskjer vi lokale leverandørar?
15.30
Drøfting av prosessen vidare i Maskineringsprosjektet.
 
Prosessen vidare
Det blir arrangert to halvdags fellessamlingar der tema vil være produksjonsrutinar og kvalitetssikring. Samlingane blir organisert som workshops der krav og spesifikasjonar til subsea produkt blir gjennomgått med referanse til konkrete leveransar. Siktemålet er å identifisere kva forbetringar som må gjennomførast i eiga bedrift for at leveransekrava kan bli oppfylte.
 
Påmelding
Påmelding til  Atle.Vage@hib.no innan 18. februar klokka 08.00. Du er og velkomen å ta kontakt om du har spørsmål til tema eller prosess.

Utveljing
Det er plass til maksimalt 10 bedrifter. Ved stor påmelding vil det bli prioritert mellom bedriftene. NCE Subsea bedrifter og bedrifter som er i posisjon til å få leveranse vil bli prioriterte.
 
 
Relaterte saker:
 
Illustrasjon: Aker Solutions