Bli med på Forskningsdagane!

Til helga brakar det igjen laus med Forskingsdagane i Bergen. Lørdag 20. september kan du få med deg aktuelle foredrag om barnediabetes, CO2-lagring og fysisk aktivitet blant barn. Høgskulen bidrar også med fleire forskingsstasjonar og byvandring.

Published: 17 September 2008
 
Forskningsdagane har si offisielle opning fredag 19.september. Denne dagen vil fleire hundre 6.klassingar frå bergensskulane vise fram kva dei har forska på og presentere skuleprosjekta sine.

Høgskolen i Bergen har hatt skoleprosjekt med elevar på Smørås skole som har forska på sin eigen fysiske aktivitet, og resultata av prosjektet vil bli lagt fram på Skoledagen.

Lørdag 20.september opnar Newton-programleiar Per Olav Alvestad Kunnskapsfesten på Festplassen med eit forrykande show. Etterpå kan du delta på 20 ulike forskingsstasjonar og 20 varierte foredrag.

Programmet på Festplassen lørdag 20.september finn du her: Kunnskapsfesten.

Lykkejeger eller havforskar?
På forskingsstasjonane kan du vere lykkejeger og finne ut kva som gjer oss lykkelige, og bli invitert inn i ein digital kanal mellom to datamaskinar.

Du kan også prøve deg som havforskar og hjelpe til med å analysere ein prøvefangst.
Stasjonane gir deg også svar på kor mykje sukker det er i maten din, og du får sjå korleis ein motor på bioetanol fungerer.

Mange interessante foredrag
På dei populærvitskaplege foredraga kan du lære meir om tema som:
  • Kan vi stole på banken?
  • Hvorfor koster bensin og diesel mest mandag ettermiddag?
  • Hydrogen på bussene i bergen
  • Kan lykkeforskning gjøre oss lykkelige?
Høgskolen i Bergen bidrar i år med tre foredrag på Kunnskapsfesten:
  • Når barnet får diabetes v/ doktorgradsstipendiat Anne Haugstvedt
  • Å bruke kroppen ? et miljøvennlig alternativ v/ høgskolelektorene Oddrun Hallås og Torunn Herfindal
  • Glem CO2-lagring ? sats på fornybar energi v/høgskolelektor Nils-Ottar Antonsen

Byvandring: 'Liv og død i Vågsbunnen og Marken

Førsteamanuensis Egil Ertresvaag inviterer til byvandring fra Festplassen kl.13:00.
Ertresvaag gir oss ei sosialhistorisk vandring gjennom århundra der han tar for seg befolkingsutvikling og levekår i byen.

Det blir formidla historiar om fødsler og død, armod og nød, sjukdommar og kloke koner, gravstader, fengsel og straffeanstaltar. Ertresvaag fortel også om korleis levekåra vart betre og samfunnet meir humanisert utover på 1800-tallet.
 
Foto: Jørn Lavoll