Tre nye ekspertsentre

Talet på nasjonale ekspertsentre (Norwegian Centres of Expertice) auka frå seks til ni denne veka. Bodø, Stavanger og Oslo har alle næringsklynger som kan hevda seg i internasjonal samanhang, meiner Regjeringa.

Published: 22 June 2007
NCE-programmet skal bidra til å styrka konkurranseevna til dei leiande næringsklyngene i landet. Dei utvalde miljøa skal vidareutviklast til nasjonale motorar for næringsutvikling på sine områder. Tiltak innan forsking og utvikling, utdanning, innovasjon og nyskaping skal prioriterast. Bak programmet står SIVA, Forskingsrådet og Innovasjon Norge.
 
Oslo Cancer Cluster
Oslo har nokre av verdas leiiande miljø for kreftforsking. Forskingsmiljøa ligg i front når det gjeld å utvikla ny teknologi og nye produkt til bruk i kampen mot kreft. Ein utviklingsprosess som har resultert i etablering av ei rekkje nye verksemder dei seinare åra. Initiativtakarane til NCE-programmet ser for seg at det tette samarbeidet mellom forskingsmiljø og næringsliv vil kunne føra til auka verdiskaping på mange områder.
 
NCE Havbruk Nordland
Aktørar for oppal av laks og torsk dannar kjernen i havbruksklyngen i Nordland. Oppalsverksemdene har eit tett samarbeid med leverandørar av teknologi, fôr og kompetanse. Klynga omsette for 4,5 milliardar kroner i 2006. Eksportinntektene stod for 95 prosent.
 
NCE Culinology ? Rogaland
Matglede og gastronomi står i fokus for det nye ekspertsenteret i Rogaland. Å styrka kunnskapen og nyskapinga innan gastronomi og kulinarisk differensiering, slik at verdiskapinga i norsk matproduksjon kan betrast, er målet. Klynga består av verksemder og forskingsmiljø innan landbruk og marin sektor.
 
52 millionar kroner
Kvar av klyngene vil motta inntil fem millionar kroner årleg. Den statlege finansieringa skal utgjera inntil 50 prosent av totalbudsjettet. Innan 2010 skal det etablerast til saman minst 10 slike nasjonal ekspertsentre. Den statlege finansieringa av NCE-programmet utgjer i år 52 millionar kroner.