Etterlysing - fyrtårnmannskap

NCE Subsea skal i haust oppnemna mannskap til fyrtårnprosjekta bransjestandard og tilstandsovervaking. Medlemmar og partnarar som ønskjer å bidra til utviklinga av nye, utfordrande satsingsområde subsea vert oppfordra til å ?angje? aktuelle kandidatar

Published: 1 August 2007
Arbeidet vil i store trekk gå ut på å identifisera oppgåver og setja i gang aktivitetar og prosessar på områder der felles initiativ vil koma heile subsea-industrien til gode. Erfaringsoverføring og auka samarbeid mellom medlemmar og partnarar skal stå i fokus.
 
Bransjestandard
Måsetjinga for fyrtårnprosjektet bransjestandard for undervassoperasjonar er gjera operasjonane einklare. Deltakarverksemdene må utveksla og utvikla beste praksis på dei einskilde områda. For å få det til, må vi kartleggja dagens arbeidsmåtar, identifisera utfordringane og lansera forslag til prosjekt for utvikling av teknologi så vel som arbeidsprosessar.
 
Tiltak som kan bidra til å nå det overordna målet om auka oljeutvinning frå undervassanlegg, til dømes lett brønnintervensjon og meir kostnadseffektiv boring, vil verta prioritert.
 
Tilstandsovervaking
Under paraplyen tilstandsovervaking skal det utviklast metodar, teknologi og system for overvaking av tilstand og yting til undervassutstyr og integrerte anlegg.
 
Effektivisering av vedlikehald, førebygging av miljøutslepp og auka utnytting av anlegga sin produksjonskapasitet er den overordna målsetjinga for fyrtårnprosjektet. E-drift og sensor-teknologi vil vera viktige brikker i dei framtidige løysingane på området.
 
Motivasjon
- Til kvart av prosjekta treng vi fem til sju personar som er motiverte til å bidra til å styrka teknologiutviklinga i regionen gjennom erfaringsutveksling og samarbeid, seier Jon Oddvar Hellevang, leiar for Forum for Teknologi og Miljø i NCE Subsea.
 
- Vi pøver å setje saman ein utfyllande gruppe av personar med ulik bakgrunn på alle måtar. Aktuelle kandidatar kan være spesialistar eller leiarar innan sine fagområde. Operasjonell erfaring vil være ein klar fordel, held Hellevang fram.
 
Ressurspersonane som skal delta i prosjekta må pårekna ein årleg arbeidsinnsats på 30 - 50 timar. Innsatsen kan fakturerast i samsvar med gjeldande satsar, eller han kan timeførast som ein del av eigeninnsatsen til medlemsverksemda.
 
Hjørnesteinar
Fyrtårnprosjekta er hjørnesteinane i NCE Subsea sine aktivitetar. Det var omtalen av fem slike prosjekt som la grunnlaget for Regjeringa si godkjenning av søknaden om status som nasjonalt ekspertsenter.
 
Fyrtårnprosjekta skal gå gjennom heile ekspertsenteret si levetid, det vil seia ti år. Forstudiene som no er under gjennomføring, vil legga føringar på kva tiltak som skal gjennomførast i startfasen.
 
- Konkrete tema som det kan vera aktuelt å jobbe vidare med, er retrofit, design for einkelt vedlikehald, nye bruksområde for eksisterande teknologi, integrerte operasjonar/e-drift, standardisering, personell kategoriar og tilhøyrande kompetansekrav, avsluttar Hellevang.
 
Dei som er interessert i å delta i prosjekta, eller som veit om nokon som vil ha erfaring og kunnskap å bidra med, bør ta kontakt med Jon Oddvar Hellevang (jono@cmr.no) seinast innan 17. august. Forumleiaren kan og kontaktast på telefon 55574118, eller mobil 98848828.
 
Skrevet av: liv strømme