Teknokvariet treff ungdomen

Teknokvariet på Bergen Vitensenter har vist seg å treffa blink hos tenåringane. No er også den endelege finansieringa av subsea-simulatoren på plass.

Published: 23 August 2007
Barn og unge er hovudmålgruppa for subsea-simulatoren, som vart initiert av NCE Subsea på vegne av partnar- og medlemsbedriftene våre.
 
Det sokalla Teknokvariet skal bidra til å auka rekrutteringa til bransjen og skapa interesse for undervassteknologi generelt. Å gje dei besøkjande ein gløtt av eit moderne, høgteknologiske eventyr, var hovudintensjonen med tiltaket.
 
Blink!
Så langt ser det ut til at både subsea-simulatoren og Vitensenteret har truffe blink hos den primære målgruppa. 35.000 gjestar sidan opninga 31. mai er langt fleire enn leiinga for Vitensenteret hadde våga håpa på på førehand. Ikkje overraskande har simulatoren vist seg å vera ein populær installasjonhos tenåringane, ifølgje marknadsansvarleg Anne Tove Koldal i Bergen Vitensenter.
 
Utviklingsprosjekt
Dataspel frå subsea-miljø er ikkje akkurat hyllevare. Å få utvikla eit unikt 3D-spel, på grunnlag av ein eksisterande treningssimulator er langt frå gratis.
 
Det totale finansieringsbehovet for Teknokvariet var på vel 4 millionar kroner.
 
HOVUDSPONSORANE: fv. Arne Bengt Riple (Aker Kværner), Nils-Petter Sivertsen (FMC Technologies), Trond Olsen (NCE Subsea) og Alf-Kristian Aadland (Oceaneering)
 
Sponsorane 
For å få installasjonen opp å stå, tek bransjeorganisasjonen det tyngste løftet over eige budsjett.
 
Dei største bidragsytarane elles er Aker Kværner Subsea, FMC Technologies og Oceaneering . I tillegg har Framo Engineering, Bennex og Underwater Technology Foundation bidrege.
 
Skrevet av: liv strømme