Ei kjem, og ei går..

Heidi Skålevik (27) tek over for Liv Strømme som Trond Olsen si høgre hand i driftsorganisasjonen til NCE Subsea.

Published: 27 September 2007
Skålevik er tilsett som administrasjonskonsulent, og vil gripa fatt i dei mange daglege utfordringane på den administrative sida i ein hektisk organisasjon som framleis er i oppbyggingsfasen.
 
Heidi har mastergrad i internasjonale relasjonar og globalisering frå London Metropolitan University.
 
- Eg er heldig som får koma inn i ein slik dynamisk organisasjon som NCE Subsea. Denne jobben vert ein kjempeinteressant utfordring, med mykje spanande å setja seg inn i, seier Heidi Skålevik.
 
Mykje på kort tid
Når Liv Strømme seier takk for seg, er det for å søkja utfordringar som er meir i samsvar med bakgrunnen hennar som journalist og informasjonsrådgjevar med fokus på teknologi:
 
- NCE Subsea er ein spanande organisasjon med mange og varierte tiltak på dagsorden. Eg har hatt gleda av å følge bransjeorganisasjonen på nært hald i den første, kritiske fasen, og er imponert over kor mykje som er kome på plass på såpass kort tid, seier Liv Strømme.
 
- Er det noko eg skulla ønskja eg hadde fått betre tid til, er det kontakten med partnar- og medlemsverksemdene. Dei er engasjert i mange nyvinnande teknologiutviklingsprosjekt som verda burde få høra meir om, seier Strømme.
 
Skrevet av: liv strømme