Samla front mot budsjett-skuff

NCE Subsea, saman med Høgskulen i Bergen og Fjell kommune, vil ta initiativ for å sikra den vidare drifta av det einaste høgskulestudiet i undervassteknologi i landet.

Published: 20 October 2007
Som kjent frå lokale media, har Regjeringa i forslaget til Statsbudsjettet for neste år ikkje øyremerka midlar til vidareføring av landets einaste høgskulestudium i undervassteknologi. Framtida til studiet fortonar seg dermed svært usikker.
 
Eit feilskjær
- Regjeringa motseier seg sjølv i dette tilfellet. På den eine sida varslar dei tung satsing på regionale næringsklynger, som NCE Subsea. Når vi kjem opp med forslag til konkrete tiltak, vil Regjeringa likevel ikkje vera med, seier ein skuffa Trond Olsen, dageleg leiar i NCE Subsea.
 
- Vi hadde forståing for at studiet ikkje kom med på budsjettet for 2007, og at Djupedal omtalte årets budsjett som eit kvileskjær for høgare utdanning. Lar kunnskapsministeren ?kvileskjæret? få halda fram eitt år til, vert det eit feilskjær, held Olsen fram.
 
Studiet i undervassteknologi er eit direkte resultat av av eit stadig aukande behov i den regionale industrien for denne typen kompetanse. Industrien har ein klar forventning om at ?kvileskjæret? ikkje skal vidareførast, men at det no skal løyvast pengar til denne typen utdanning.
 
Får fullføra
Leiinga ved HiB er også, naturleg nok, svært skuffa over den manglande offentlege pengestøtta til det nye industritilpassa utdanningstilbodet.
 
- Dagens studentar vil få fullføra det treårige studiet, men korvidt det vil skje på Straume, eller om dei må flytta inn til Bergen sentrum neste år, er det for tidleg å svara på. Utan offentlege midlar er det også usikkert korvidt det vil vera mogeleg å ta opp nye studentar hausten 2008, seier høgskuledirektør Nils Mæhle i ein kommentar.
 
Molbofakter
- Vi kan ikkje sitja roleg å sjå på at eit industriretta studium, med så etterspurte studentar og som vil tilføra regionen kompetanse den lokale industrien har stort behov for, vert lagt ned etter berre eitt kull. Det vil vera molbofakter, seier ordførar Lars Lie (H) i Fjell kommune.
 
- Dette er ikkje noko vedtak før Statsbudsjettet har vore behandla i Stortinget i desember. Tida fram til då vil vi nytta til aktiv lobbyverksemd overfor Stortingspolitikarane, både dei aktuelle komiteene, men også overfor Hordalands-benken, lovar Lie.
 
Alt i slutten av oktober sender Fjell kommune den første delegasjonen til hovudstaden.
 
Kraftsatsing
- Det vil i første omgang vera naturleg å setja oss ned saman med representantar for dei mest sentrale aktørane, det vil seia NCE Subsea og Fjell kommune, for å staka ut det vidare løpet overfor politiske myndigheter, sier Mæhle.
 
- NCE Subsea vil ta initiativ til ei ny kraftsatsning for å sikra vidare drift av studiet på Straume. Vi vil også sjå kva som er mogeleg å gjera for at det skal kunna takast opp ein ny klasse til hausten, sier Olsen.
Mæhle har alt informert nokre engasjerte Stortingsrepresentantar frå Hordaland om situasjonen.
 
Eit industrielt initiativ
Bachelor-studiet i undervassteknologi med fokus på drift og vedlikehald var eit av dei mest søkte ingeniørstudia ved HiB denne våren. Studiet, som held til på Straume, i tett tilknyting til den lokale industrien, har 51 studentar.
 
Undervass-studiet er resultatet av eit påtrengjande behov hos subsea-industrien i Hordaland for kvalifisert arbeidskraft. Takka vera finansiering frå SpareBank1 SR-Bank og gratis husleige frå AGR Group, kunne studiet starta opp alt hausten 2007, med forventning om støtte frå offentlege myndigheter påfølgjande år.
 
Skrevet av: liv strømme